Vakre, spennande Hordaland - ei reise vel verd! Forfattar Kjersti Mjør og fotograf Helge Skodvin tek oss med på 52 handplukka attraksjonar i Hordaland. Bli med på gourmetkafe i Modalen og strikkhopping i Åkrafjorden. På Bikubegang i Odda og på Bondens marknad i Bergen. Mange av opplevingane finn du ved å ta ein avstikkar. Det er dei verde. Her finn vi kjende og mindre kjende skattar, ei kjelde til å finna nye mål for søndagsturen eller ei inspirerande stund i godstolen. Boka har engelske samandrag.