Forfatter: , , , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2000
Antall sider: 187
Forlag: Aschehoug
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788203325861
Omtale Buongiorno! 1
Buongiorno! 1#11;Nybyrjarkurs i italiensk C-språk for den vidaregåande skolen og vaksenopplæring.
Til Buongiorno! 1 høyrer#11;. tekstbok#11;. arbeidsbok#11;. CD-ar#11;. fasit#11;. lærarrettleiing
Tekstboka inneheld dialogar og små lesestykke, lytteprøver og skriftlege og munnlege oppgåver. Leksjonane er delte i ein A- og B-del, der A-delen øver inn dei viktigaste strukturane, mens B-delen utdjupar og set stoffet inn i nye samanhengar. Ny grammatikk blir presentert i oversiktlege rammer i kvar leksjon. I tillegg står det ein minigrammatikk bak i boka.
Arbeidsboka har ulike typar oppgåver - frå rein drill til friskrivingsoppgåver. Det er lagt inn fire "Test deg sjølv"-prøver som oppsummerer kunnskapen undervegs, oversikt over ny grammatikk til kvar leksjon og eit alfabetisk glossar.
To CD-ar presenterer alt lydstoffet til tekstboka og til dei fire "Test deg sjølv"-prøvene i arbeidsboka. Dei høver både til avspeling i klassen og til heimeøvingar.
Fasiten inneheld svar på alle oppgåvene i arbeidsboka, bortsett frå "Test deg sjølv"-prøvene og friskrivingsoppgåvene.
Lærarrettleiinga inneheld pedagogiske tips, utskrift av lytteøvingar i læreboka og fasit til "Test deg sjølv"-prøvene. I tillegg er det utfyllande kommentarar til alle geografiske stader og italienske kulturfenomen som er nemnde i læreboka.

Til toppen