Det mørke Tyskland (Innbundet)

ei reise blant høgreekstremistar

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 248
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234004353
Kategori: Historie
Omtale Det mørke Tyskland
Djup politisk polarisering i Tyskland

I 2020 slo det tyske tryggingspolitiet fast at høgreekstremisme er det største trugsmålet mot tryggleiken i landet. Europas mest folkerike stat opplever djup politisk polarisering i kjølvatnet av den store flyktningkrisa i 2015, då Tyskland tok imot ein million syriske flyktningar. 2015 var også startåret for partiet AfDs framgang. AfD er høgrepopulistisk, islamfiendtleg og delvis høgreekstremt. For første gong sidan krigen har eit ytre-høgre parti plass i den tyske Forbundsdagen. I 2019 vart den tyske regjeringspartipolitikaren Walter Lübcke brutalt drepen av høgreekstreme.

Kva i alle dagar er det som skjer i Tyskland? I Det mørke Tyskland tek Astrid Sverresdotter Dypvik lesaren med på ei reise inn i dei høgreekstreme miljøa i Tyskland. Ho fortel kven dei er, kva dei står for og korleis dei har klart å bli så sterke. Lesaren møter Pegidademonstrantar, blir med på folkemøte i fjellområdet Erzgebirge der AfD er det største partiet, på konservative møte i dei fasjonable delane av Vest-Berlin og på politiske vekkingsmøte der den omstridde politikaren Björn Höcke møter sin tilhengarskare.

Det mørke Tyskland er ei forteljing om politisk polarisering, internettradikalisering, om skrikande sosiale forskjellar, men også om politisk mot.

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er journalist og historikar. Ho er redaktør i Syn og Segn og har tidlegare arbeidd i Nationen, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Dypvik har gitt ut bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017).

Til toppen

Andre utgaver

Det mørke Tyskland
Nynorsk Ebok 2021

Flere bøker av Astrid Sverresdotter Dypvik: