Are Kalvø på scenen (Innbundet)

teater-, revy- og standup-tekstar

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2016
Antall sider: 271
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252192346
Kategori: Biografier og memoarer
Omtale Are Kalvø på scenen
Tull, tøys og teater - det næraste du nokon gong kjem ein biografi om Are Kalvø!

Are Kalvø er ein av dei største komikarane her i landet. I løpet av dei siste tjue åra har meir enn ein halv million nordmenn sett framsyningar han har vore involvert i. Kalvø har blitt nominert til femten komiprisar og til Hedda-prisen.

Her kan du lese om Kalvøs sceneliv, frå den første blasfemianklagen i tredjeklasse og russerevyen i heimbygda Stranda, til karrieremilepælar som standupdebuten på homseklubb, det første trusselbrevet og dagen han forstod at ein ball kan syngje. Her er høgdepunkt frå revy- og standupverksemda samla for første gong. I tillegg får du tekstane frå Norge-Brasil, ein fotballopera, frå Kalvø - ein time av livet ditt du aldri får tilbake og frå Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical.

Boka er rikt illustrert med bilete frå framsyningar, avisutklipp og private bilete.

Dette er garantert det næraste du kjem ein sjølvbiografi av Are Kalvø.

Til toppen