Olav Gullvåg (Innbundet)

bladmann og bokmann

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 178
Forlag: Snøfugl Forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788270834723
Kategori: Biografier og memoarer
Omtale: Olav Gullvåg
Pressemannen og forfattaren Olav Gullvåg (1885 - 1961) delte livet sitt i to. I den første delen vart den trønderske skomakarsonen journalist og redaktør i ei landsmålspresse under etablering. Han markerte seg snart som ein aktiv og ofte hardtslåande «bladmann» i Trøndelag, på Vestlandet og i Telemark. Først og fremst var det til støtte for landsmålet og radikal venstrepolitikk, og han gjekk til og med i fengsel i kampen for ein rett ferdig språkpolitikk. Denne delen av livet vart avslutta med ein fottur med familien gjennom Danmark, Tyskland og til Nord-Italia, der Gullvåg-familien budde i to år. Frå rundt 1930 dominerte «bokmannen», med førstepris i konkurransen om kantate til 900-årsjubileet i Nidaros i 1930,
med romanserien «Det byrja ei jonsoknatt » frå 1937, ei rad diktsamlingar, og ikkje minst med «Spelet om Heilag Olav» (Stiklestadspelet) frå 1954. Med romanserien fekk Gullvåg eit internasjonalt gjennombrot, spesielt i Tyskland. Eivind Hasle, pensjonert lektor og skolebyråkrat, har som norskfilolog, historikar - og barnebarn av Olav Gullvåg - hatt eit rikt tilfang å trekke på i arbeidet med biografien. Livshistoria til Olav Gullvåg gir på fleire område interessant og utfyllande kunnskap om språk-, kultur- og litteratur- historia i landet vårt første del av 1900-talet.

Til toppen