Portrett av eit magisk liv (Heftet)

poeten Claes Gill

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2003
Antall sider: 444
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205313286
Kategori: Biografier og memoarer
Omtale: Portrett av eit magisk liv
Claes Gill (1910.73) var lyrikaren som dukka opp frå ingenstad og gav ut to små diktsamlingar (Fragment av et magisk liv, 1939, og Ord i jærn, 1942), som straks sikra han ein framskoten plass i det litterære livet. Etter dette stilna han heilt som forfattar og blei teatermann. Han kom etter kvart til å bli sjølve «kunstnarmyten» i eigen person. Det er den tidlege Claes Gill . poeten . og vegen hans inn i denne rolla Kjartan Fløgstad er mest opptatt av. Her blir Gills brokete bakgrunn og oppvekst kartlagt, vidare følgjer vi han gjennom ei omflakkande ungdomstid . som kvalfangar i Sørishavet, spelar og boms i Montevideo, hotellarbeidar i New York, uteliggar og spirande lyrikar i Oslo på 1930-talet. På ein overtydande måte syner Fløgstad at dette magiske livet ikkje berre var eit personleg prosjekt for Gill, men òg ein naudsynt del av det litterære prosjektet hans. «En redelig og sterk beskrivelse av en dikters kamp for livet, søken efter å skape seg selv og sitt liv på nytt.» Johan Fr. Heyerdahl, Aftenposten

Til toppen

Flere bøker av Kjartan Fløgstad: