Skal landet gro att? (Innbundet)

korleis berge norsk jordbruk

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 207
Forlag: Dreyers Forlag Oslo AS
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788282651318
Kategori: Debatt og samfunn
Omtale: Skal landet gro att?
Kvifor skal vi ha jordbruk i Noreg? I eit land av stein og fjell, kor regnet slåst med nordavinden, vi har blitt vane med fem veker ferie og ei lønsutbetaling som kjøper oss fri frå den strevsame vegen mellom jord og bord? Kvifor skal vi fø på bønder som produserer den dyraste maten i verda, når verda står i kø for å selje produkta sine til landet med alle oljepengane?

Fordi alle må bidra med mat til ei veksande verd. Og fordi norsk jordbruk har potensial til å bli ikkje berre bra, men best - men då må det ei reell kursendring til.

Alle vil ha norsk mat produsert på norske ressursar. Likevel vert matproduksjonen vår meir og meir basert på import. 70 år med vekst- og volumpolitikk har gitt oss eit svakt jordbruk med liten forankring i norsk jord.

Norsk jordbrukspolitikk går i feil retning, men det er framleis mogleg å snu. Denne boka syner korleis det vi har i Noreg - fjell, gras og store variasjonar - gjev oss eit jordbruk som er både berekraftig, mettande, smakfullt og lønsamt.

Korleis vi driv jordbruk i Noreg er ikkje berre eit spørsmål for bønder og byråkratar. Det er eit spørsmål for alle som bryr seg om kva mat vi et, korleis landet vårt skal sjå ut og kva rolle Noreg spelar i verda.

Til toppen