Bygdebok for Lindås (Innbundet)

band 3

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2008
Antall sider: 689
Forlag: Bodoni Forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788230311011
Kategori: Historie
Omtale: Bygdebok for Lindås
Bygdebok for Lindås starta med Band 1 Myking sokn, som vart utgjeve i 1981. I 2000 kom Band 2 med Lygra og Hundvin sokn. Med utgjevinga av Band 3 og 4 vert dermed prosjektet med gards- og ættesoger for gamle Lindås kommune fullført, dvs slik kommunen var før kommuneutvidinga i 1964. Bind 3 inneheld om lag 800 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho omhandlar gardane Spjeldneset, Hauge, Haugsmyr, Marås, Brunnsland, Træland, Nedre Skodvin, Revsdalen, Øvre Skodvin, Hetlehovda, Løtveit, Gaulen, Våge, Fjellsenda, Lindneset, Vadbu, Fjellanger, Haukås, Holmås, Fonnebost, Kolås og Lindås Prestegard. Boka startar med det første me har av skriftlege kjelder på 1300-talet. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdel av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå slutten av 1600-talet er det mogleg å finna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går attende til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2008. Forfattaren Arvid Skogseth er frå Steinkjer, fødd 1952. Cand. philol. med historie hovudfag frå Universitetet i Bergen 1994. Han gav i 1997 ut Fedje og Folket, gards- og ættesoge for Fedje. Frå 2000 til 2006 gav han ut Austrheim i fortid og notid i fire band, ei allmenn bygdesoge og tre band med gards- og ættesoge.

Til toppen