Fjell festning - i krig og fred (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 153
Forlag: Eide forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788251406918
Kategori: Historie
Omtale Fjell festning - i krig og fred
Fjell festning vart skapt i løpet av tre hektiske krigsår. Festningsverket var ein del av Hitlers Atlanterhavsvoll som strekte seg frå Gibraltar til Finnmarskkysten. Tusentals tyske soldatar og russiske krigsfangar snudde opp ned på tilværet for innbyggjarane i Fjell. Tyske ingeniørar stod for planlegginga. Sovjetiske krigsfangar vart henta til Noreg og Vest-landet for å gjera grovarbeidet, saman med nordmenn, danskar, polakkar og andre frå Kontinentet. Om lag 2000 sovjetiske krigs-fangar var innom fjellanlegget i løpet av 1942-45. Det vart eit imponerande anlegg, med trippelkanonen frå slagkryssaren «Gneisenau» som juvelen i krona. Men det var utbygginga av eit omfattande nærforsvarsanlegg som gav Fjell Festning - eller Batterie Fjell - status som eit av dei sterkaste festningsanlegga i Nord-Europa. Kystartilleriet og det norske sjøforsvaret brukte festninga til ulike føremål fram til 2004. No er festninga i ferd med å bli restaurert. Toppen av kanonbrønnen er blitt kafé. Festninga er blitt freda krigsminne. Fjell kommune, i allianse med Sotra og Øygarden Forsvarsforening, ser for seg at Fjell festning skal bli ein stor turistattraksjon inn i eit nytt hundreår. Olav Kobbeltveit, f. 1951, har bak seg drygt tretti år i norsk presse. I 1982 kom han til Bergens Tidende, der han etter ei årrekkje som journalist innan ulike felt i 1995 vart tilsett som BTs første politiske redaktør. Etter to åremål som politisk redaktør er han i dag medlem av BTs kommentatoravdeling. Olav Kobbeltveit har tidlegare skrive bok om Krigen i Fjell (1995) og om tidlegare kulturminister Valgerd Svarstad Haugland (Samlaget i 2004).

Til toppen

Flere bøker av Olav Kobbeltveit: