Forfatter: , , , , , og
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2015
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
Serie: Hardanger I-III
ISBN/EAN: 9788245010701
Kategori: Historie
Omtale Hardanger I-III
Hardanger har vorte sjølve symbolet på det norske, men er likevel noko for seg sjølve.
Hardanger, ei regionhistorie, vert gitt ut i tre rikt illustrerte band hausten 2014. Verket fortel historia om folket langs fjorden, frå dei første jegerane busette seg under ein heller i Herand, til dagen bilane byrja kryssa brua over fjorden mellom Bu og Vallavik.
Band 1 fortel om utviklinga frå steinalderen og fram mot jordbrukssamfunnet kring 1750.
Band 2 fortel om moderniseringa av bondesamfunnet fram mot 1900.
Band 3 fortel om tida etter at storindustrien og fruktdyrkinga for alvor gjorde sitt inntog i regionen etter 1900.
Om forfattarane: Svein Ivar Angell (f. 1967) er historikar og forskar ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen, og førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Bergen, og Forutan lokal- og regionhistorie har han arbeidd med emne som nasjonal identitet og ressursforvaltning. Han har mellom anna skrive om AS Tyssefaldene (2006).
Martin Byrkjeland (f. 1955) er uavhengig historikar. Han har særleg arbeidd med teknologi-, industri- og arbeidslivshistorie, og mellom anna skrive om industrien i Ålvik, Høyanger og Årdal.
Knut Grove (f. 1964) er historikar og forskar ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen. Han har særleg arbeidd med arbeidslivshistorie og lokal- og regionalhistorie. Han har mellom anna skrive bygdesoga for Eidfjord (2010).
Herdis Kolle (f. 1969) er historikar og forskar ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen, og tilsett som seniorrådgjevar ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) i Bergen. Ho har særleg arbeidd med demografiske emne og nyare sosial- og agrarhistorie i eit europeisk perspektiv.
John Ragnar Myking (f. 1945) er professor i historie ved Høgskulen i Bergen. Han har særleg arbeidd med eldre norsk og europeisk agrarhistorie, og har dessutan vore engasjert i fleire lokal- og regionalhistoriske verk, mellom anna som initiativtakar til og medredaktør av fembandsverket Strilesoga, regionhistoria for Nord- og Midhordland (1996 2001).
Jo Rune Kristiansen Ugulen (f. 1968) er historikar og norrønfilolog, og tilsett som førstearkivar ved Riksarkivet i Oslo, der han mellom anna er redaktør for Diplomatarium Norvegicum. Han har særleg arbeidd med politisk og sosial- og agrarhistorie i mellomalderen.
Bård Gram Økland (f. 1970) er arkeolog og undervisningsleiar ved Bergens Sjøfartsmuseum. Han har særleg arbeidd med lokal- og mellomalderhistorie og eldre sjøfartshistorie, og var med å redigere boka om Halsnøy kloster (2013).

Til toppen

Flere bøker av John Ragnar Myking, Jo Rune Ugulen, Bård Gram Økland, Svein Ivar Angell, Martin Byrkjeland, Knut Grove og Herdis Kolle:

Bøker i serien