Himmelen over Shetland (Innbundet)

historier om motstand og eksil

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2009
Antall sider: 282
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252173239
Kategori: Historie
Omtale Himmelen over Shetland

Fyrsteskyttaren (utdrag)

Seint om kvelden 15. mars legg fangstskuta Furenak ut frå Stornespiren i Ålesund med kurs for Vesterisen. Mannskapet på tretten, som er i alderen frå 20 til 55 år, er rekruttert frå fleire av bygdene på Søre Sunnmøre. Dei siste vekene har gått med til å gjere alt klart for turen. Proviant er blitt lasta om bord og våpen og reiskapar gjort klare. Det har vore rift om å få bli med. Ein kan tene gode pengar på selskinna om prisane er dei rette.
Klokka passerer midnatt før dei får opp stimen, men det fine vêret gjer at dei likevel kan sjå husklyngjer og naustrekkjer langs strendene i det svake lyset frå snøen som kviler tung over Sulafjellet og Hareidlandet.
Ute i rom sjø heiser dei storseglet og slører unna i ein komfortabel austleg bris.
Fyrsteskyttar om bord er Johannes O. Rise frå Hareid. Han er 47 år, nesten 190 cm høg, brei og mørk, og han vert rekna for å vere svært sterk. Av folk heime blir han berre kalla Store-Rise. Er det retteleg tunge lyft det er snakk om, eller om nokon drikk seg fulle og slår seg vrange, hentar dei han Store-Rise.
Ein gong skuta hans var teken i arrest oppe i Kvitsjøen, og to russiske matrosar hadde lagt seg til for å sove i den store ishavstrøya hans, hadde han berre rista dei vekk då avhøyret var slutt. Andre tider var det nok å vise seg. Så løyste problema seg av seg sjølv. Å takle ting med ei stor ro var ei gåve han hadde fått.
Han reiste tidleg ut. Under militærtenesta sigla han med Odin og Kong Sverre. Der lærte han seg å lade kanonane. Sidan hadde han mønstra på ti-tolv båtar. Dei fleste var ishavsskuter.

Forlaget melder at boken vil være på lager ca 1. september 2009.
Historieklubben sender den ut så snart som mulig etter det.

Til toppen

Flere bøker av Øystein Orten: