På liv og død (Innbundet)

distriktsjordmødrenes historie

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2016
Antall sider: 429
Forlag: Det Norske Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252184976
Kategori: Historie
Omtale: På liv og død
Imponerande verk om norske distriktsjordmødrer

Ikkje nokon augneblink i menneskelivet er så kritisk som fødselen. Til alle tider har kvinner hjelpt kvarandre når barn kom til verda. Men etter kvart som legevitskapen vaks fram i Europa, vart denne hjelperolla profesjonalisert, og jordmødrene utdanna som medisinske handverkarar.

Jordmoryrket var det første formelle yrket som var ope for kvinner i Noreg. Jordmorskulen var den første utdanninga for kvinner, og jordmødrene var dei første offentleg tilsette kvinnene i landet. Over meir enn hundre år var jordmødrene dei næraste helsearbeidarane for folk i norske bygder.

Dette er den første samla framstillinga av distriktsjordmødrene si historie i Noreg, frå amtmannen i dagens Møre og Romsdal i 1784 fekk i stand eit ordna jordmorvesen på landsbygda, og til kommunehelselova i 1984 ikkje lenger kravde at kommunane skulle tilsetje jordmor.

Lesaren blir kjend med mange historiske jordmødrer, og følgjer dei tett i deira strevsame tilvere og strabasiøse yrke. Samstundes er dette òg ei forteljing om det norske samfunnet si utrulege utvikling gjennom dei siste 200 åra.

Til toppen