Supermakter og kald krig-arenaer (Heftet)

vestens globale hegemoni i møte med kommunisme, nasjonalisme og islamisme

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2008
Antall sider: 515
Forlag: Abstrakt
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788279352433
Kategori: Historie
Omtale Supermakter og kald krig-arenaer
Supermakter og kald krig-arenaer. Vestens globale hegemoni i møte med kommunisme, nasjonalisme og islamisme Ulikt mange bøker om den kalde krigen opererer denne på fleire analyse- og aktørnivå i sentrum og periferi av verdssystemet. Forståingsramma er vid i tid og rom. Makrokonteksten er kapitalismens ekspansjon og konsolidering som global prosess. Eit bakgrunnsperspektiv er kald krig-epoken som sekvens i longue durée-æraen om kapitalismens utbreiing frå det nordatlantiske kjerneområdet. Det er lagt vekt på dialektikken mellom supermaktene og dei regionale kald krig-arenaene der USA med sine geoøkonomiske interesser gjorde seg sterkast gjeldande. Interaksjonen mellom makro- og mikronivå på den internasjonale arena står sentralt, og analysen kombinerer teori, empiri og historiografi. Viktige motkrefter til det vestlege hegemoniet var kommunisme, nasjonalisme og islamisme. På eit overordna aktørnivå er rivaliseringa med Sovjetunionen gjennomgangstemaet. Terminologi som globalisering og modernitet inngår i analysen saman med geopolitikk og ideologiar. Kulturdimensjonen er òg med. I sentrum av analysen står den suverene supermakta USA, systemvaktaren i denne fasen av den nordatlantiske rekkefølgja av kapitaliststatar sidan 1500-talet. At denne aktøren er vårt lands hovudallierte, gjer ikkje tematikken mindre relevant for Noreg.

Til toppen