Hå kulturhistorie (Innbundet)

band 3

Serie: Hå kulturhistorie. Band 1-4 3

Forfatter:

og

Forfatter: og
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2014
Antall sider: 517
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
Serie: Hå kulturhistorie. Band 1-4
Serienummer: 3
ISBN/EAN: 9788232102303
Kategori: Kulturhistorie
Omtale Hå kulturhistorie
Dette er det tredje bandet av fire i Hå kulturhistorie. Til skilnad frå fleire bøker om lokalhistorie har dette verket eit breiare perspektiv å syna kommunen sin identitet og lokale mentalitet. Men dette er ikkje faste storleikar, dei er omskiftelege etter tid og etter kven sine auge som ser. Identitet og mentalitet veks fram i det levde liv som eit møte mellom den eine og dei andre, mellom den vesle og store verda, mellom natur og kultur. I tekst og bilete vil Hå kulturhistorie fortelja om fortida og visa samanhengar mellom fortid og notid.
Dette bandet byrjar med eit breitt oversyn over utviklinga i Hå frå siste halvdel av 1800-talet til slutten på andre verdskrigen. I denne perioden skjer det dramatiske endringar på Jæren. Samfunnet går over frå å vera eit småskalasamfunn der dei lokale tilhøva set grenser for livet på staden, til å vera eit massesamfunn der ein stadig meir blir involvert i verdssamfunnet. I Hå endra næringslivet seg: jordbruket med auke i mjølkeproduksjonen, oppretting av meieri og nye jordbruksmaskinar, handelen med fleire handelsmenn, handelslag og forbruksforeiningar og industrien med teglverk og tare- og trevareindustri. I 1878 kom Jærbanen og framveksten av stasjonsbyane Nærbø, Varhaug og Vigrestad. Kommunevesenet og kommuneoppgåvene blei annleis. Fråhaldslag og misjonsforeiningar vart oppretta. Me ser korleis standpunkt endra seg over tid i denne perioden, ikkje minst i synet på kva kvinnerolla kunne vera; i 1913 fekk kvinnene ålmenn røysterett. Denne perioden inneheld to av dei mest dramatiske hendingane som har råka landet vårt verdskrigane. Under andre verdskrigen fann det stad noko som skaka Hå-samfunnet og vart eit sårt punkt lenge etter krigen avrettinga av 15 unge jærbuar som skulle flykta til England.

Til toppen

Bøker i serien