Ole Bull og folkemusikken (Innbundet)

Forfatter:

og

Legg i ønskeliste

Forfatter: og
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2010
Antall sider: 240
Forlag: Forlaget Vigmostad & Bjørke AS
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788241906671
Kategori: Musikk
Omtale: Ole Bull og folkemusikken
På Ole Bull si tid var spelemenn musikantar som spela i bryllaup, på marknadene og til fest og dans. Ole Bull tok folkemusikken på alvor og opna for nye arenaer og tilhøyrarar. Verdsstjerna Ole Bull gav hardingfelemusikken og spelemennene ein plass på scena. Han stimulerte dei til å stå fram med slåttemusikken og til å forme tradisjonsstoffet for scenisk bruk. Spelemennene tok tak i det nye formatet og skapte sin eigen konsertmusikk. I tida før og etter førre hundreårsskiftet blei denne musikken, som på den tid blei kalla «nasjonalmusikk», populær og ein viktig del av nasjonsbygginga i Noreg. Spora etter Ole Bull og generasjonen med konsertspelemenn er tydelege i vår tid. I dag spelar unge folkemusikarar for eit stadig større publikum, i mange forskjellige format, og blandar samen ulike stiltrekk og musikkgenrar.

Til toppen

Flere bøker av Håkon Asheim og Gunnar Stubseid: