Tre florentinarar (Heftet)

essay og artiklar om religion, kultur og samfunn 2003-2009

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 302
Forlag: Efrem forl.
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788292922323
Kategori: Religion
Omtale Tre florentinarar
Med utgjevinga av Tre florentinarar viste Arnfinn Haram si eineståande evne som essayist og kultur-, litteratur- og samfunnskritikar. Forfattaren sto i ein katolsk danningstradisjon som formidlar djupe og frigjerande perspektiv i ei smittande glede over det gode, det vakre og det sanne i livet - alt det som røper Guds løyndomsfulle nærvere i verda. Arnfinn Haram var katolsk prest og dominikanarbror, tilknytt St Dominikus kloster i Oslo. Han døydde i 2012, berre 63 år gamal.
I Tre florentinarar finst det tekster om markante personlegdomar, viktige samfunnsspørsmål og vandringar i eksistensielle og litterære landskap. Den skarpe fjørpennen i munkehanda hadde kontakt med livgjevande kjelder. Hans formidlingsevne og sterke ambisjonar for den gode saka gjorde at han påkalla merksemd i svært ulike fora, både i og utanfor trusrelaterte samanhengar, det vere seg lesarar i Klassekampen, Dag og Tid eller Morgenbladet, unge radikale, protestantiske og katolske kristne eller modne, for ikkje å seie dekadente tilhøyrarskarar. Når frater (ein munk frå mellomalderen som han éin gong kalla seg) Arnfinn preika, var ein villig til å sitje ei stund slik ein gjer i danningstradisjonen og lytte til den vise.
«Han er en usedvanlig skarp observatør og analytiker, og kan være herlig nådeløs når han gyver løs på vår tids primitive materialisme», skriv Jon Michelet i forordet.

Til toppen