Norske ordtak (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2003
Antall sider: 377
Forlag: Forlaget Vigmostad & Bjørke AS
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788241902857
Kategori: Sitatbøker
Omtale: Norske ordtak
Norske ordtak er fjerde utgåva av Norske Ordsprog, med om lag 5 000 ordtak, samla og valde av Ivar Aasen. Ved sida av Norsk Ordbog, Norsk Grammatikk og Prøver af Landsmaalet i Norge er denne boka eit av Ivar Aasens store vitskaplege verk. Dei er alle resultat av samlarferdene hans kringom i landet. Det særmerkte ved ordtak er at dei uttrykkjer aldrars livsrøynsle i ei konsentrert og utmeisla form som minnet held fast på. Det er heile folket som eig dei, for det er folket som har forma, arbeidt med og teke vare på dei. Knapt nokon har vore betre budd enn Ivar Aasen til å samla og ordna ordtaksrikdomen i eit språk. Norske Ordsprog har då òg vore ei visdomskjelde og ei kjelde til språkleg fornying som seint vert tømd. Ivar Aasen visste vel at ordtak vandrar frå språk til språk, og han tok med nokre parallellar frå framande mål. Fyrste utgåva av Norske Ordsprog kom ut i 1856. Andre utgåva, omarbeidd og utvida, kom i 1881. Den tredje utgåva kom fyrst i 1982 - i latinsk skrift, og ho fylgde andre utgåva, men aa var skift ut med å. Fjerde utgåva fylgjer i all hovudsak andre og tredje utgåva. Boka er eit vitskapleg verk, men er samstundes eit avslutta klassisk kunstverk som opnar for fleire rikdomar di betre ein vert kjend med det.

Til toppen

Flere bøker av Ivar Aasen: