Datoen var 12. mars 2022. Heile landet stengde ned. Kven kunne sjå føre seg at noko så vanleg som kvardagen plutseleg skulle bli så uvanleg? Yrande liv blei erstatta av stummande stille. Klasserom blei bytta ut med nøytrale profilbilete, og stengde dører avløyste selskap med vener og familie.
Ein smak av brente tårer er ei skildring av historiene som ikkje blir fortalt; høglytte ord på mute. Diktsamlinga fortel om korleis digitale klasserom, isolasjon og einsemd påverka unge under pandemien.