Essayet av Norunn Askeland, Bente Aamotsbakken og Arnfinn Åslund (Ebok)
Ebok

Essayet (Ebok)

ein veg til kreativ fagskriving

Forfatter:

, og

Forfatter: , og
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 142
Kopibeskyttelse: Licensed Content Protection
Filstørrelse: 1.78 MB
Filformat: PDF
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234004988
Kategori: Språk
Omtale Essayet
Å skrive essay er eit av emna i norskfaget etter Fagfornyinga 2020. Men kva er eit essay, og korleis kan ein arbeide med det i grunnskule, vidaregåande skule og i høgare utdanning? Korleis kan elevar og studentar bli entusiastiske skrivarar av både personlege essay og andre, meir formelle saktekstar? Kva kan vi lære om å skrive essay av tidlegare og notidige essayistar, av romanforfattarar og av bloggarar?

Den som sjølv vil bli ein god essayist, lyt også lese andre gode essayistar, og det er lurt å setje seg inn i tradisjonen for å forstå kva for grep ein kan gjere bruk av. I den historiske delen av boka drøftar forfattarane korleis dei kjente klassiske essayistane, frå den romerske filosofen Seneca, via renessansens Michel de Montaigne og Francis Bacon til våre eigne Ludvig Holberg, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg har prega essayet. Opp mot vår eiga tid drøftar forfattarane korleis den framveksande pressa, både avisene og tidsskrifta, skapar gode vilkår for essayet, og legg til rette for eit mangfald av essayistiske skrivemåtar.

Boka tek også for seg essaytypar og essayistiske skrivemåtar, essayet og det kunstnarlege, essayet og det dialogiske, og ikkje minst, essayet som språkleg forskingsstasjon. I tillegg er det eit kapittel om essayet i den digitale notida, og eit kapittel om kva lærebøkene fortel og ikkje fortel om essayet. Alle kapitla har tips til skriveøvingar og råd for den som vil lære å skrive essayistisk.

Til toppen

Andre utgaver

Essayet
Nynorsk Heftet 2021

Flere bøker av Norunn Askeland, Bente Aamotsbakken og Arnfinn Åslund: