Oppdragssamarbeid (Innbundet)

joint ventures i oppdragsindustri, entreprenørverksemd, forskning og utvikling

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 1992
Antall sider: 469
Forlag: Alma Mater forl.
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788241900914
Kategori: Organisasjon og ledelse
Omtale Oppdragssamarbeid
Samarbeid mellom sjølvstendige foretak gjennom ulike former for "joint ventures" har auka innanfor mange delar av næringslivet. Moderne næringsverksemd stiller ofte krav til teknologi, kapital eller annan innsatsfaktor, som vanskeleg kan oppfyllast utan at ein kombinerar ressursar frå fleire foretak. Større krav til omstillingsevne i næringslivet fører til at aktivitet meir vert knytt til konkrete og avgrensa prosjekt heller enn til varig verksemd. Dette har ført til utvikling av nye samarbeids- eller samanslutningsformer som er tilpassa prosjektrelatert samarbeid. Denne boka tek særleg føre seg samarbeid mellom fleire foretak om utføring av eit oppdrag, men går også inn på andre former for prosjektsamarbeid. Det er lagt vekt på å klarleggja tilhøvet mellom ulike samarbeids- og samanslutningsformer. Boka inneheld ei grundig drøfting av selskapsomgrepet i selskapslova av 1985, og drøftar tilhøvet mellom samanslutningsavtalar og avtalar om utveksling av ytingar. Det vert gjeve eit grundig oversyn over utviklinga av og bakgrunnen for joint venture-forma og over andre samarbeidsformer som har utvikla seg på ulike område. Norsk og utanlandsk kontraktspraksis har ein brei plass i framstillinga. Forfattaren drøftar dei sentrale rettsspørsmåla i tilhøvet mellom deltakarane i eit oppdragssamarbeid, og dei særspørsmåla som må løysast i høve til oppdragsgjevaren og andre. Boka er særs nyttig for den som skal utforma kontraktar om oppdragssamarbeid eller andre former for joint venture, eller løysa spørsmål som oppstår i slike tilhøve. Ernst Nordtveit er dr. juris og professorstipendiat ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. Han har tidlegare arbeidd med emne innan tingsrett og petroleumsrett. Nordtveit er sekretær for Sivillovbokutvalet frå 1981.

Til toppen