Barn og kommunikasjon av Lila Marie Moberg og Nora Linden (Ebok)
Ebok

Barn og kommunikasjon (Ebok)

om små barns bruk og utforsking av digitale verktøy

Forfatter:

og

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter.

Last ned utdrag    

Forfatter: og
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2012
Antall sider: 143
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 0.91 MB
Filformat: PDF
Forlag: Gyldendal akademisk
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205444706
Kategori: Pedagogikk
Omtale Barn og kommunikasjon
Korleis kan bruk av digitale verktøy bidra til å styrka barnehagen som ein lærande organisasjon? Korleis kan dei vaksne i barnehagen bidra til å gjera digitale verktøy til ein ressurs for barns leik og læring? Dette er ei bok om bruk av digitale verktøy saman med barn i barnehage og dei første åra i grunnskulen. Boka gir god innføring i korleis digitale verktøy kan integrerast og brukast som ein del av leikeutstyret i barnehagen. Ein av forfattarane tok del i forskningsprosjektet Kreativ bruk av IKT i barnehagen som vart gjennomført i perioden 2004 til 2006. Det er henta mange gode erfaringar og praktiske døme frå det. Erfaringar frå prosjektet viser at barna utvikla kreativitet, omsorg og sosial kompetanse. Boka viser også korleis ein kan nytta digitale verktøy til å arbeida med dei sju fagområda slik det vert stilt krav om i rammeplan for barnehagen 2006.
Boka gir både ei praktisk og ei teoretisk framstilling av temaet. I tillegg til å gi ei grundig innføring i korleis barnehagen kan ta i bruk digitale verktøy på ein god og pedagogisk måte, tar dei opp viktige tema som:
· Barn med særskilte behov, med fokus på utvikling og meistring ved bruk av IKT
· Barn med andre morsmål enn norsk og leik med IKT
· Bruk av bilete, etikk og personvern
Dette er ei bok for studentar i førskulelærarutdanninga og for studentar som tar sikte på å arbeida med dei yngste i grunnskulen. Men like mykje vil det vera ei ressursbok til tilsette i barnehagen, foreldre og andre vaksne som er interesserte i barns bruk av digitale medium.

Til toppen