Dialogar om tekst (Heftet)

praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 221
Forlag: Universitetsforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788215010809
Kategori: Pedagogikk
Omtale: Dialogar om tekst
Korleis kan ein leggja forholda til rette slik at elevane utviklar skrivekompetansen sin? Det er eit av dei spørsmåla forfattaren prøver å gi nokre svar på i denne boka. For å utvikla elevane sin skrivekompetanse treng dei å skriva, men samstundes treng dei også nokon å samtala om teksten med. Ein stor del av denne boka er difor analysar nettopp av dialogar mellom lærar og elev om eleven sin eigen tekst. Desse analysane viser korleis dialogen om eleven sin tekst kan vera læringsfremjande.«Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget» er ei praktisk orientert metodebok for lærarar. Boka er fagdidaktisk og praksisnær med mange gode eksempler frå klasseromma.

Boka bygjer på det synet at den gode dialogen mellom lærar og elev om eleven sin tekst fremjer læring hos eleven. Difor er det viktig å organisera undervisninga slik at dialogen om tekst inngår i sjølve arbeidsmetoden. Læraren må leggje til rette for at samtalar om elevane sine tekstproduksjon og skriveutvikling skal finne stad dagleg. Analysen av ulike dialoger i boka kan seie noko om læringspotensialet i dei, medan den praktiske delen viser organiseringa av ulike undervisningssekvensar som innbyr til dialog.

Den siste delen av boka har difor eit meir praktisk-pedagogisk siktemål. Her vert det skissert fire ulike måtar å iscenesetja undervisninga på, som gir rom for samtalar om eleven sin skrivne tekst. Desse undervisningskontekstane er: Tekstskaping og skriving på datamaskin på 1. trinn, Forlag som metode på 3. trinn, Skriving i avissjangrar på 7. trinn og Bruk av elektroniske kommentarar på 8. trinn.

Boka rettar seg primært mot studentar i lærarutdanninga og norsklærarar i grunnskulen.

Til toppen