Leik og læring i samspel (Heftet)

pedagogisk arbeid i småskulen

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 168
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252170672
Kategori: Pedagogikk
Omtale Leik og læring i samspel
Denne boka presenterer nyare syn på leik, læring, lærarrolle og undervisning. Forfattaren tek opp teoriar om leik og læring, og viser korleis ulike syn på barn, barndom og oppdraging har innverknad på læring i skulen. Det blir i denne samanhengen lagt særleg vekt på forholdet mellom leik, undervisning og læring. Ei viktig målsetjing i boka er å løfte fram hovudmoment i førskulepedagogikken og setje dei inn i ein småskulepedagogisk samanheng. Boka tek elles opp entreprenørskap på barnesteget og drøftar omgrepa yrkesrolle og profesjonskunnskap knytt til lærar- og elevrolle. Boka er ein ny og omarbeidd versjon av Dei nye pedagogane (2002), tilpassa innhaldet i Kunnskapsløftet og Rammeplan for barnehagen. Boka er skriven for studentar i allmennlærar- og førskolelærarutdanning ved dei pedagogiske høgskulane og etter- og vidareutdanning innan GLSM, grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring. Dag Skram er førstelektor i pedagogikk ved Høgskolen i Sogn og Fjordane.

Til toppen

Andre utgaver

Leik og læring i samspel
Nynorsk Ebok 2019
Dei nye pedagogane
Nynorsk Heftet 2002

Flere bøker av Dag Skram: