Skrive for nåtid og framtid 2 (Heftet)

skriving og rettleiing i høgre utdanning

Legg i ønskeliste

Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 221
Forlag: Vigmostad & Bjørke AS
Språk: Bokmål , Nynorsk , Dansk / Svensk
ISBN/EAN: 9788251922401
Kategori: Pedagogikk
Omtale: Skrive for nåtid og framtid 2
I oktober 2006 arrangerte skriveforskingsmiljøet i Trondheim to nordiske konferansar. Den første, "Skrive for nåtid og framtid", retta søkelyset mot dei behova for ny kunnskap om skriving i utdanning og yrkesliv som ein ser i samfunnet i dag. I den andre konferansen, "Skriving og rettleiing i høgre utdanning", låg vekta på akademiske tekstar og på å rettleie studentar i deira skriving. På begge konferansane vart det presentert interessant forsking. Bøkene Skrive for nåtid og framtid, bind 1 og 2, inneheld artiklar som byggjer på presentasjonar på konferansane. Bøkene viser breidda i nordisk skriveforsking i dag med artiklar som tar føre seg til dømes skriving blant arbeidarar i oljeindustrien, skriving på alle trinn i utdanningssystemet - frå barnehage til universitet, skriving i ulike sjangrar og modalitetar, bruk av skriving i ulike profesjonar, ulike måtar å drive skriveopplæring på, for å nemne noko. I tillegg inneheld bøkene artiklar som gir eit meir overordna perspektiv på ulike sider ved skriveforskingsfeltet. Såleis presenterer ein artikkel eit grundig historisk tilbakeblikk og gjer opp status om kor skriveforskinga står i dag, internasjonalt og i Norden; ein annan kastar nytt lys over forholdet mellom talt og skrive språk; ein tredje tar føre seg det teoretiske og epistemologiske grunnlaget for forståing av skriftlegheit i den felles europeiske referanseramma som utdanningane våre i dag må forhalde seg til. Til saman viser og problematiserer artiklane i dei to bøkene ulike teoretiske tilnærmingar i arbeid med skriving. Synnøve Matre er førsteamanuensis i norsk ved Avdeling for lærar- og tolkeutdanning, Høgskolen i Sør-Trøndelag. Torlaug Løkensgard Hoel er professor innanfor norskdidaktikk ved Program for lærarutdanning, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. Skriveforskingsmiljøet i Trondheim har eksistert i nærare 20 år. Hovudinteressefeltet har vore skriving i skolen. Miljøet kan vise til fleire doktorgrader, mykje forsking og stor aktivite...

Til toppen