Skrivedidaktikk (Innbundet)

korleis støtta elevane si skriving i fag?

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2016
Antall sider: 214
Forlag: Universitetsforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788215027111
Kategori: Pedagogikk
Omtale: Skrivedidaktikk
Korleis kan læraren støtta opp om elevane si skriveutvikling på de ulike faga sine premissar?Skal du verkeleg læra deg eit fag, må du læra deg språket og skrivemåtane til faget. Kvart fag har særeigne måtar å bruke språk på og fagkunnskapen blir formidla gjennom desse skrivemåtane. Naturfag har sine måtar å bruka skrift på, norskfaget har andre. Desse skrivemåtane må læraren visa elevane sine.

Forfattaren presenterer ulike typar av støtte i skriveundervisninga som kan gi målretta og variert skriveundervisning i ulike fag. Ho viser korleis skriving i dei ulike faga bør skje i heilskaplege skriveprosessar knytt til den fagspesifikke tekstkulturen som finst i faget.

Boka er delt opp i ni kapittel. Det første tek for seg kva skrivekompetanse er i ulike fag og presenterer nokre viktige prinsipp for god planlegging og gjennomføring av skriveundervisning. Dei fem neste kapitla er praktiske og viser fem ulike måtar læraren kan byggja stillas rundt skrivinga til elevane: ved hjelp av iscenesetjing av kommunikasjonssituasjonen, modelltekstar, skriverammer, språk og samtale. Dei siste kapitla handlar om vurdering og prosess-skriving.

Boka har eit vell av gode eksempel frå alle trinn i grunnskulen og frå ulike fag som norsk, naturfag og samfunnsfag, både elevtekstar i utvikling og undervisningsopplegg. Skrivedidaktikken er utvikla i tråd med ny skriveforsking. Dette er viktig lesing for alle som arbeider med skriving i skule og lærarutdanning.

Til toppen