Utdanning, ulikskap og urettferd (Heftet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2016
Antall sider: 164
Forlag: Vigmostad & Bjørke AS
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788245021097
Kategori: Pedagogikk
Omtale: Utdanning, ulikskap og urettferd
Er det urettferdig dersom ressurssterke foreldre brukar ressursar på å gi barna sine ein betre skulegang enn andre? Er det urettferdig at nokon gjer det betre på skulen fordi dei får meir hjelp heimanfrå? Er det urettferdig om skulen er betre tilpassa nokre grupper enn andre? I moderne samfunn er utdanning ein viktig måte å få tilgang til ulike stillingar på, og dermed til ulike gode som er knytte til stillingane. Utdanningssystemet fungerer med andre ord som ein mekanisme som sorterer folk på ulike posisjonar. Problemet, dersom det er eit problem, er at utdanningsprestasjonar heng saman med kva sosial gruppe ein høyrer til. Faktorar som kjønn, etnisitet og klasse påverkar både kva utdanning ein får og kor godt ein gjer det i utdanninga. Er det rettferdig? Kva kjenneteiknar eit rettferdig utdanningssystem? Det er slike spørsmål denne boka handlar om. Boka er skriven for studentar i pedagogikk og lærarutdanning og andre interesserte. Steinar Bøyum er professor ved Institutt for pedagogikk ved Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen.

Til toppen