Kunsten å kunne (Heftet)

om lede og glede i det personlege kunnskapslivet

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 308
Forlag: Gyldendal akademisk
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205464896
Kategori: Filosofi
Omtale Kunsten å kunne
Mange bøker handlar om korleis kunnskap tek til – om læring. Denne boka handlar meir om at kunnskap kan ta slutt eller kome til kort – at kunnskapen kan miste kontaktar i verda og tape bruksverdi i livet til den som eig kunnskapen. Når kunnskap er stadfesta eller sikra med ulike sterke band, kan kunnskapen få personleg berekraft. I motsett fall kan kunnskapen både bli einsam og keisam eller han kan bli uskarp, ukritisk, feig eller lat. Det kostar å halde seg med kunnskap. Og det å vere kunnskapsrik er ikkje eit spørsmål om kvantitet, men om kvalitet. Utdanning er berre ei halv forsikring for eit langt og vitalt kunnskapsliv. I eit samfunn der kunnskapskrava endrar seg radikalt gjennom livsløpet, kan vernet om kunnskapsgleda hos vaksne vere like viktig som det å fremje læringslysta hos dei unge, hevdar forfattaren. Boka tilbyr ulike teoretiske perspektiv på kva det vil seie å forvalte personleg kunnskap på ein god måte. Ansvaret for ei slik forvalting er ikkje først og fremst ei sak for profesjonelle pedagogar, men gjeld den enkelte i sitt eige kunnskapsunivers. Den som vil  gjere inspeksjonar i eige kunnskapsliv, og som kanskje strevar med å skjøtte relasjonar til personlege objekt for kunnskap i kvardagen eller i arbeidslivet, kan ha godt av å lese denne boka. " Kritisk, men optimistisk bok om kunnskapslivets venner og fiender." Bokomtale i Forskerforum.

Til toppen