På saklista (Heftet)

nynorsk språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 143
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788245004311
Kategori: Statsvitenskap
Omtale På saklista
I dette heftet tek me deg med til den oppdikta kommunen Lyte. Du får innsyn i det daglege strevet til dei tilsette og folkevalde. Gjennom døme frå den kommunale kvardagen får du rettleiing i dei mest vanlege problema i nynorsk offentleg målbruk. Kursforfattaren tek for seg dei typiske feila i offentlege nynorskskriv. I tillegg kan du læra om - kvifor nynorsk er eit godt språkverktøy i kommunane - å skriva brev formelt rett og forståeleg - nynorsk ordval og ordlegging - ulike teksttypar i det offentlege, som notat, referat, anbod, stillingslysingar osv. - å skriva for nettet - den gode saksutgreiinga og den dugande saksbehandlaren Du finn og ei samling med oppgåver og ei ordliste med ord og uttrykk som ein ofte lurer på. Kursheftet kan brukast som eit eige hjelpemiddel på alle kommunale og fylkeskommunale kontor. Det blir og bruka på skreddarsydde kurs som Landssamanslutninga av nynorskkommunar formidlar. Kursforfattar Jan Olav Fretland er fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og har lang røynsle som kurshaldar og lærebokforfattar. Han har mellom anna bakgrunn som etatsjef i Lærdal kommune og rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Fretland har og vore leiar i Språkrådet. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein organisasjon for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har til formål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. LNK har meir enn 100 medlemmer.

Til toppen

Andre utgaver

På saklista
Nynorsk Heftet 2015

Flere bøker av Jan Olav Fretland: