Politisk korrupsjon som demokratisk problem (Heftet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 304
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202255022
Kategori: Statsvitenskap
Nivå: Akademisk
Omtale Politisk korrupsjon som demokratisk problem

Norge har tradisjonelt vore oppfatta som eit lite korrupt land. Bør dette bildet korrigerast?

Politisk korrupsjon er misbruk av offentlig makt for å oppnå privat eller politisk vinning. Statoil blir dømt for politisk korrupsjon i Iran, og norske politikarar gjer politikken til levebrød. Mens dei politiske partia misser massekarakter, kan det synast som om folk i maktposisjonar rottar seg saman og legg føringar på politikken. Ser me ei korrumpering av det politiske livet, mens ’folkestyret forvitrar’, som den siste makt- og demokratiutgreiinga hevdar?

Forfattaren samanliknar korrupsjon i det lite korrupte Norge med korrupsjonen i det langt meir korrupte liberale demokratiet Italia og i eittpartistaten Kina. Korleis kan ein forklara dei ulike formene for politisk korrupsjon og det ulike omfanget den har i desse tre landa?

Boka er skriven for studentar, for folk som arbeider med temaet korrupsjon, som offentlig tilsette, og for andre som søkjer ei faglig tilnærming til eit stadig meir aktuelt tema i samfunnsdebatten.

Til toppen