Å lære norsk når polsk og tysk er morsmålet (Heftet)

om inversjon og inversjonslæring

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2011
Antall sider: 84
Forlag: Vigmostad & Bjørke AS
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788251927192
Kategori: Språk
Omtale: Å lære norsk når polsk og tysk er morsmålet
Er eit andrespråk like vanskeleg å tileigne seg uansett kva morsmål innlæraren har, eller er det slik at strukturlikskapar mellom morsmålet og målspråket spelar ei rolle? Kan morsmålet til innlæraren påverke tempoet i tileigningsprosessen, og kan morsmålet ha noko å seie for kor dugande ein innlærar til slutt blir?

Denne boka tar utgangspunkt i morsmåla til to av dei største minoritetane i Norge i dag . Polakkar og tyskarar. For å få fram kva utfordringar polske og tyske innlærarar står overfor i møte med norsk setningsstruktur, blir verbalsyntaksen i norsk, tysk og polsk samanlikna. Hovudfokus ligg på inversjonsregelen, eit trekk ved norsk syntaks som skal vere vanskeleg å tileigne seg for andrespråksinnlærarar.

Boka er mynta på studentar i norsk som andrespråk og lærarar som underviser utlendingar i norsk på alle nivå i skolesystemet. Men også andre med interesse for kontrastiv grammatikk vil kunne lese ho med stort utbytte.

Roy G. Tveit, f. 1963, er utdanna lektor i språkfag, med andrespråkslæring som spesialfelt. Han har fleire års erfaring med norskundervisning for utlendingar, blant anna ved universitetet i Stavanger, i den vidaregåande skolen og på bedriftsinterne kurs.

Til toppen