Boka er ei innføring i innsamling og gransking av stadnamn. Første delen er ei praktisk og metodisk rettleiing i innsamling av namn. Andre delen av boka tek for seg den vidare gransking av namna. Kva fortel stadnamna oss, og korleis kan vi analysere og kategorisere dei? Boka er utstyrt med ei historisk oversikt over innsamling og gransking av stadnamn i Noreg. Boka rettar seg mot kommunar, elevar i vidaregåande skule og studentar ved høgskular og universitet. Med litteraturliste og illustrasjonar.