Merknader til tekstpensum i norrønt (Heftet)

utdrag frå Olafs saga ins helga, Den yngre Edda, Strengleikar

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 1994
Antall sider: 104
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788276740417
Kategori: Språk
Omtale Merknader til tekstpensum i norrønt
Dette heftet inneheld merknader til eit utval norrøne tekster på om lag 30 sider. Merknadene skal gje hjelp under sjølvstudium av tekstene, og konsentrerer seg om vanskelege ordformer og syntaktiske konstruksjonar. Tekstgrunnlaget er Norrøne tekster i utval ved Odd Einar Haugen (1994), som har norrøn tekst i original og parallell omsetjing til nynorsk. Heftet gjev systematiske referansar både til Grunnbok i norrønt språk av Odd Einar Haugen (1993) og til Norrøn grammatikk av Ragnvald Iversen (7. utg. 1973). I tillegg bør heftet brukast i lag med Norrøn ordbok, som inneheld fyldige ordforklaringar, forutan morfologiske og syntaktiske opplysningar. Heftet er avrunda med eit kapittel om korleis denne ordboka skal brukast. Odd Einar Haugen er professor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen, dr. philos. på avhandlinga Stamtre og tekstlandskap (1992). Han har arbeidd innanfor ulike greiner av den norrøne filologien, særleg med tekskritiske problemstillingar, og han har skrive og utgjeve fleire typar av læremiddel for den norrøne grunnundervisninga. Saman med Bjarne Fidjestøl og Magnus Rindal har han gjeve ut Tekstkritiske teori og prasis (1988) og i lag med Einar Thomassen Den filologiske vitenskap (1990). Han har også skrive ei rekkje artiklar i vitskaplege fagtidsskfrift, og han er for tida redaktør av Nordica Bergensia.

Til toppen