Oscar Wilde (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2000
Antall sider: 463
Forlag: Universitetsforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788200454335
Kategori: Språk
Omtale Oscar Wilde
OSCAR WILDE (1854-1900) vart dømd til fengsel for grovt usedelege handlingar i 1895. Rettssakene kasta tunge skuggar over mannen og litteraturen han skreiv. I dei hundre år som er gått sidan han døydde, har dei biografiske hendingane tilslørt lesinga og opplevinga av tekstane Wilde skapte. Klisjear og stereotypiar har fått herske i kritikken. I Oscar Wilde drøftast viktige og delvis ukjende prosatekstar som Wilde skreiv mellom 1882 og 1891 - før han vart ein feira komedieforfattar. Desse tekstane skreiv Wilde som litteraturkritikar, redaktør, eventyr- og novelleforfattar og politisk intellektuell frå Irland. Her vert også brevet De Profundis som han skreiv til Lord Alfred Douglas frå fengslet, drøfta. Eit eige kapittel tek for seg Wildes einaste roman, Bildet av Dorian Gray - Birger Angvik dreg fram tekstar som kan føre fram til meir rettferdige vurderingar av ein svært feildømt forfattar. Angviks studie er den første norske bok om Oscar Wilde som forfattar.

Til toppen