Bakterieinfeksjonar hos produksjonsdyr (Heftet)

Forfatter:

og

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 128
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788245018349
Kategori: Teknologi, transport og landbruk
Omtale Bakterieinfeksjonar hos produksjonsdyr
Boka Bakterieinfeksjonar hos produksjonsdyr er utarbeidd først og fremst som ei lærebok for norske veterinærstudentar, særleg i den kliniske delen av studiet. Det var stort behov for ei oppdatert lærebok på området med norsk språk og bygd på norske tilhøve. Boka kan òg vera nyttig for dyreeigarar, dyrepleiarar og andre som arbeider med dyrehelse. To norske kompendium i bakterieinfeksjonar av Magne Aas Hansen med tilsvarande formål vart sist reviderte i 1990.

Boka har først ei innleiing og ein generell omtale av bakterieinfeksjonar. Deretter vert dei einskilde bakteriane kort omtalte med opplysningar om sjukdom dei kan indusera. Boka omfattar både gram-positive og gram-negative bakteriar i alfabetisk rekkefølgje. Boka inneheld eit stikkordregister og tabellar over aktuelle bakterieinfeksjonar hos høvesvis storfe, gris og småfe.

Forfattaren Torleiv Løken var fram til 2013 professor ved Norges veterinærhøgskole i indremedisin hos produksjonsdyr. Han hadde ansvar for undervising, som inkluderte infeksjonar og klinisk arbeid. Løken vart uteksaminert ved denne skolen i 1972. Han arbeidde som distriktsveterinær i om lag ti år, deretter i forsking og diagnostikk ved Statens veterinære forsøksgard, Sandnes (seinare avdeling ved Norges veterinærhøgskole) og ved Veterinærinstituttet i Oslo, før han gjekk til professorstillinga i 1992.

Forfattaren Trine L Abee-Lund er førsteamanuensis i bakteriologi ved NMBU Veterinærhøgskolen (tidlegare Norges veterinærhøgskole). Ho har undervist i bakteriologi og infeksjonslære for veterinærstudentar og dyrepleiarstudentar frå 1997. L Abée-Lund vart uteksaminert ved Norges veterinærhøgskole i 1996 og tok doktorgrad same stad i 2002.

Til toppen

Flere bøker av Torleiv Løken og Trine L'Abée-Lund Normann: