Fram mot ein berekraftig og klimatilpassa norsk landbruksmodell (Heftet)

Forfatter:

, , og

Forfatter: , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2013
Antall sider: 322
Forlag: Akademika
Språk: Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788232103003
Kategori: Teknologi, transport og landbruk
Omtale Fram mot ein berekraftig og klimatilpassa norsk landbruksmodell
Vi er inne i ein periode med internasjonalt stigande matprisar. Bøndene får signal frå marknaden om å produsere meir, samtidig som styresmaktene blir freista til å stimulere produksjonen. Konsekvensane blir ein ny produktivisme, som på sikt kan innebere eit mindre berekraftig landbruk.
Føremålet med denne boka er å presentere kunnskap som kan utvikle den norske landbruksmodellen til å bli meir berekraftig og betre tilpassa framtidige klimaendringar. Hovudkonklusjonen er at eit allsidig landbruk med vekt på mange funksjonar har større samla økologisk, økonomisk og sosial berekraft enn ei maksimering av økonomisk utbytte åleine. Boka innfører uttrykket multimalisering for å illustrere at ein må balansere ei rekkje mål for å ruste eit landbrukssystem til å møte dei sjokk og kriser som kan ramme matproduksjonen.
Boka har bidrag frå framståande forskarar og samfunnsdebattantar på området og vender seg til studentar, landbruks- og miljøforvaltinga, tillitsvalde innan landbruk og miljø og elles alle som er interesserte i landbruks-, miljø- og klimaspørsmål.

Til toppen