Fleire vestlandsvegar (Innbundet)

frå Trollstigen til Djevelens veranda

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2022
Antall sider: 221
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234009211
Kategori: Historie
Omtale Fleire vestlandsvegar
Praktbok om dei mest berykta og berømte vegane i Noreg.

I 2021 gav NRK-journalist og «vestlandsekspert» Halvor Folgerø ut boka «Vestlandsvegar» om nokre av dei berykta og berømte vegane på Vestlandet. Boka blei ein stor suksess. Men Vestlandet er stort og historiene talrike og dramatiske. I «Fleire vestlandsvegar - Frå Trollstigen til Djevelens veranda» fortel Folgerø om fleire vegstrekk og tar oss med til kjende turistvegar som Sognefjellsvegen, Haukelifjell og vegknutepunktet Lærdal, men også meir ukjende som Austefjordvegen, Aursjøvegen og Dollarvegen. Vi møter nokre av dei som har brutale erfaringar frå livet på smale, svingete og farlege vegar. Frå den berykta rasstrekninga på gamle E69 ved Åndalsnes og sørover til den såkalla Djevelens veranda i Eigersund.

Boka er full av gode historier frå nær fortid då det var nødvendig å vera kreativ for å koma fram. Det handlar om bilmekanikaren som redda ferien då han fiksa ein sprokken bensintank med sterilansåpe, om trailersjåføren som blei ufrivillig jordfar på veg opp Hemsedalsfjellet, og om elefantane til Sirkus Arnardo som måtte leiast gjennom dei låge tunellane ved Saudafjorden. Sirkusarbeidarane måtte gå laus på tunelltaket med hakker og slegger for å få bilane gjennom.

Til toppen

Flere bøker av Halvor Folgerø: