Frå løynde kjelder (Heftet)

dikt

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 85
Forlag: Efrem forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788292922743
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale Frå løynde kjelder
Den gode stilla /
mellom menneske /
er lik tre som veks tett saman /
i djupe, gåtefulle skogar.

Frå løynde kjelder er ei poetisk vandring, mangfaldig som naturen sine eigne tråkk; ei rørsle i litterære og musikalske fotefar, i mystikken . dei djupe religiøse draga . og tett på nedarva folkeleg visdom. Samlinga skodar òg naturen sjølv; storleiken og dei vakre detaljane.

Dikta formidlar ein takk for kjeldene langs livsvegen vår, skattar som alt er nær oss. Med musikalitet og inderleg formidlingsvilje står lyrikken fram som var det Olav H. Hauge, Hans Børli eller Johan Falkberget sjølv som held i diktarhanda. Ein gjestar landskap der Jaqueline de Pré, Arvo Pärt og Joseph Haydn tonar i strofene.

Eiliv Grue (f. 1934) kjem frå Os i Østerdalen og bur no på Røros. Frå løynde kjelder er den første diktsamlinga hans, men ikkje første bok; Grue har særleg arbeidd med diktinga til Johan Falkberget og står bak fleire bøker om forfattarskapen hans.

Til toppen

Andre utgaver

Frå løynde kjelder
Nynorsk Ebok 2021