Fragment (Innbundet)

Serie: Kanon : antikkens litteratur på norsk 

Forfatter:

Per Esben Myren-Svelstad (Oversetter)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 163
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
Oversatt av: Myren-Svelstad, Per Esben
Serie:
ISBN/EAN: 9788205549357
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale Fragment
Den fyrste komplette gjendiktinga av Sapfos verk til norsk

Få diktarar - mannlege så vel som kvinnelege - kan måle seg med Sapfo (fødd kring 610 f.Kr.) når det gjeld påverknad på ettertida. I antikken fylte dikta etter Sapfo heile ni papyrusrullar, og ho var sitert og kommentert hjå ei rekkje av dåtidas lærde og poetar. Med tida gjekk store delar av verket hennar tapt. Dei få strofene vi framleis har, lèt oss like fullt ana klangen av ei særeigen og kraftfull, lyrisk stemme. Fragmenta etter Sapfo skildrar erotisk kjærleik, men også familiekjærleik, politikk, religion og moral. At Sapfo kom frå øya Lesbos og skildra kjærleik mellom kvinner, er bakgrunnen for ordet «lesbisk».
Per Esben Myren-Svelstad gjev oss her den fyrste komplette gjendiktinga av Sapfo til norsk, inkludert dei heilt nye papyrus-funna som vart publiserte i 2004 og 2014. Denne gjendiktinga har difor med fleire fragment som til no ikkje har funnest på norsk. Slik opnar gjendiktinga for at Sapfo skal kunna tala til nye generasjonar med sin meisterlege og manande poesi.
Bokmeldarane meiner:
«Myren-.Svelstads Sapfo-bok er så grundig og velordnet som en vitenskapelig utgave [...] Det betyr ikke at boken er uleselig for andre enn eksperter; tvert imot, den er pedagogisk anlagt og lett tilgjengelig. Den 17 sider lange innledningen er en av de beste introduksjonene til Sapfo jeg har lest på noe språk.»Amund Børdahl, Vårt Land

Til toppen

Andre utgaver

Fragment
Nynorsk Ebok 2021
Bøker i serien