Lett traktering (Innbundet)

Forfatter:

Harald Eriksen (Illustratør)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2013
Antall sider: 44
Illustratør: Eriksen, Harald
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252184389
Kategori: Mat og drikke
Omtale Lett traktering

For 40 år sidan kom boka Lett traktering av Ingrid Espelid Hovig. Samlaget hyllar no heile landets matmor med å gje ut boka på nytt, akkurat slik ho såg ut i 1973, supplert med eit nyskrive forord av Andreas Viestad.
 
Dette er ei bok som vil vekkje mange gode minne. Lett traktering var den andre kokeboka Ingrid Espelid Hovig gav ut. Då hadde ho allereie formidla mat i Fjernsynskjøkkenet i elleve år. Interessa for nye råvarer, nye retter og oppskrifter var stor. Boka inviterer til mimring om korleis det norske kjøkkenet var i ei tid då nye rettar kom til landet.
 
Skal du traktera lett, kan du til dømes laga hane i vin, fiskegryte, laksesalat, svinerygg, bidos, lammegryte, risottoblåskjell i ratatouille eller høne på austerlandsk vis. Oppskriftene er framleis gode og enkle.
 
Ingrid Espelid Hovig (f. 1924) er programleiar, forfattar og utan tvil heile Noregs matmor. Ho er kjend frå Fjernsynskjøkkenet og frå over 50 kokebøker. Espelid Hovig er utdanna på Statens lærerinneskole i husstell. Ho har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland. I 1994 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ingrid Espelid Hovig voks opp på Askøy, men er busett i Oslo.

Til toppen