Shanghai ekspress (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2001
Antall sider: 195
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205276666
Kategori: Reise
Omtale Shanghai ekspress
"Eg kan ingenting om Kina. Eg skal ikkje skriva om det eg kan, men om det som forundrar meg." I denne essayistiske reiseboka møter Kjartan Fløgstad Kina open og forundra og observerer leikande og lærd. Han tek lesaren med på ei reise inn i eit langt på veg ukjent landskap, eit landskap ein utan vidare forstår vil bli stadig viktigare - byar som Shanghai, Hongkong, Chengdu og Macao; regionane Fujian og Guangdong. Dei store spørsmåla Fløgstad har arbeidd med om modernisering og epokeskifte, er bokstaveleg talt raude trådar gjennom teksten, utan at han forfaller til det forutseielege. Han observerer alt det ukjente han møter - gater, personar, situasjonar - og er utilslørt fascinert, men ikkje ukritisk. Slik blir Shanghai Ekspress ei rik og storarta reiseskildring. OM FORFATTEREN / TIDLIGERE UTGIVELSER
Fløgstad debuterte i 1968. Sidan har han skrive 16 bøker, romanar, noveller, kriminallitteratur, dokumentarbøker og essays. Han har òg omsett poesi og skjønnlitteratur, spesielt frå Latin-Amerika. Fløgstad har i dag posisjon som ein av dei viktigaste forfattarane i Norge. For romanen Dalen Portland (1977) fekk han den mest prestisjetunge litterære prisen som finst i Norden - Nordisk Råds Litteraturpris (1978).

Til toppen

Andre utgaver

Shanghai ekspress
Nynorsk Heftet 2003

Flere bøker av Kjartan Fløgstad: