Høyreluren (Ebok)

Forfatter:

Gunstein Bakke (Oversetter)

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2022
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 1.19 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
Originaltittel: The hearing trumpet
Oversatt av: Bakke, Gunstein
ISBN/EAN: 9788234005268
Kategori: Romaner , Romaner og Skjønnlitteratur
Omtale Høyreluren
Surrealistisk klassikar.

«Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith uttalt om Leonora Carringtons meisterverk «The Hearing Trumpet» frå 1974.

Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng eit måleri av ei mystisk abbedisse, som blunkar til henne. Når Marian får tak i ei bok om abbedissa sitt liv, blir vi med fleire hundre år tilbake i tid til eit oppdrag for å bringe den heilage gralen attende til sin rettmessige eigar, gudinna Venus.

«Høyreluren» er ei vilt fabulerande, humoristisk og satirisk forteljing, eit sprudlande, feministisk manifest og ein kommentar til det mannsdominerte samfunnet si rovdrift på naturen.

Boka er omsett frå engelsk av Gunstein Bakke. Susanne Christensen har skrive eit etterord.

«Denne boka er så inspirerande [...] Eg elskar fridomen og humoren i boka og at ho skaper sine eigne lover.» - Björk

«Denne vesle boka gjorde eit kraftfullt inntrykk på meg.» - Olga Tokarczuk

Til toppen

Andre utgaver

Høyreluren
Nynorsk Innbundet 2022