I kastanjetreet (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2008
Antall sider: 257
Forlag: Vigmostad Bjørke
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788241905018
Kategori: Biografier og memoarer
Omtale I kastanjetreet
I kastanjetreet er ei lun bok som med varme og humor fortel om oppvekst og barndom i eit oversiktleg bygdemiljø der alle kjenner alle. Boka gjev eit godt tidsbilete frå etterkrigstida, den gongen ein framleis hadde tid til å stoppa og slå av ein prat. Både daglege og meir uvanlege hendingar var noko heile bygda tok del i - på godt og vondt. Ole Didrik Lærum fortel om sin eigen barndom og oppvekst, og handlinga tek dermed plass på Voss. Sjølve forteljinga er likevel universell. Her myldrar det av morosame soger frå kvardagsliv, høgtid og fritid, og frå miljøet på landsgymnaset. Du får til dømes høyra om den gongen flaum gjorde at ein kunne fiska ål i kjellaren til styraren på handelslaget, og då kongen vitja Voss, for ikkje å snakka om den gongen då det kom ein diger kval med toget. Dette er sjarmerande lesing uansett kvar ein bur eller kjem frå. Likar du å lesa Richard Herrmann eller Kjell Aukrust? Då vil du kosa deg med I kastanjetreet!

Til toppen