Langrenn (Innbundet)

dikting 2004-2005 basert på verkelege hendingar

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 115
Forlag: Oktober
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788249504367
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale Langrenn

I Langrenn tematiserer Erling Indreeide mellom anna striden mellom lengslar, eigne og slike som høyrer anna liv til. Korleis og med kva rett forsvarar ein den eine lengsla mot den andre? Og han lar dette munne ut i ein diskusjon av forsvarspolitikk og ein glitrande utlegging av natos «out of area»-doktrine.

Langrenn famnar bredt og er prega av ein forfattar som med humor og stort alvor samanfører abstrakt kunnskap og konkret erfaring på nye og overraskande måtar. Erling Indreeide har skapt ein sjangarmessig bastard, ei essayistisk diktsamling med episk-narrative og filosoferande nivå, ei samling om politikk og kjærleik, som òg inneheld ein hyllest til langrenn.

Til toppen

Flere bøker av Erling Indreeide:

Om forfatter Erling Indreeide

Erling Indreeide (f. 1945) debuterte med diktsamlinga Trakter i 1972, og har sidan gjeve ut seks diktsamlingar, eit musikkdrama, ei gjendikting, barneboka EPLEkosMOS, samt Reiser seg og går (1993) og Tann for auge (2001) med genrenemninga soger. I 2003 kom essayet Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader, og for den mottok han Melsomprisen.

«Politisk diktsamling med skiløperens sans for lange linjer og kryssende spor. Langrenn beveger seg utenfor både diktet, kroppen og jeg-ets begrensninger. Det er spenstig og godt gjort.»
- Tom Egil Hverven, Klassekampen

«Overtydande kombinasjon av klårt resonnement og poetisk kraft.»
- Sindre Ekrheim, Bergens Tidende

«Indreeides nye bok er en kompleks, personlig fundert, poetisk refleksjon over dagens Norge [...] Indreeide er klart samfunnskritisk, men på en underfundig, godlynt ironisk måte.»
- Mariann Enge, Aftenposten

«Erling Indreeide markerer seg igjen som ein ordkunstnar [...] Denne diktaren tek oss med inn i oss sjølve, ut i ei krigsherja verd og me kan enda 'lengst ute/i forståingshorisonten'. Dit kan den gode poesien ta oss.»
- Helge Torvund, Dagbladet

Til toppen