Nattgjengar av Siri M. Kvamme (Nedlastbar lydbok)

Nattgjengar (Nedlastbar lydbok)

Forfatter:

Ingen angrerett. Nedlastbare lydbøker kan lastes ned fra Min side.

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Nedlastbar lydbok
Utgivelsesår: 2015
Innleser: Kvamme, Siri M.
Spilletid: 3:35
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filformat: MP3
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202501587
Kategori: Lydbøker voksne
Omtale: Nattgjengar
"Vi fann han ikkje før eg byrja å leite langs bakken, kika under bregnar, bak buskar og brått kom over han, krølla saman inntil ei furu med den nedste greina som ei dyne over seg. Han såg så fredeleg ut. Som om han høyrte til der. Som ein liten revunge. Vi ville ikkje vekkje han, så vi gjekk heim og lét han sove der ute i skogen åleine. Om natta drøymte eg at eg låg der ute med han, krumma meg kring han, armen om midja hans, skogbotnen var så mjuk, det lukta furunål og dogg." Det er ei tid for å håpe. Det er ei tid for å gå vidare. Ein dag gjekk Aksel inn i skogen og kom aldri tilbake. Framleis lyttar Ellie etter trinn i trappa, stemma hans i rommet. Kjem han ikkje snart? Nattgjengar handlar om å miste, men og om feilplassert begjær, ein underleg nabo og ein leigebuar som kjem for nær. I eit nærværande og sanseleg språk skildrar Siri M. Kvamme den utenkelege tragedien som rammar så hardt og ikkje er til å leve med. Ei forandring tvingar seg fram for Ellie. Siri M.Kvamme er født i 1975 og bur i Haugesund. Ho debuterte med Raud og frå seg(2001), og i 2008 kom romanen Vinterhjerte.

Til toppen

Flere bøker av Siri M. Kvamme: