Føremålet med denne boka er å gi eit kritisk innsyn i føresetnaden for relasjonen mellom helse- og sosialarbeidaren og mottakarar av hjelp eller behandling. Boka gir og ei innføring i omgrep som meistring og myndiggjering, og frå ulike faglege synsvinklar og ulike praksisfelt blir vilkåra for å utvikle arbeidsmåtar som byggjer på desse ideane diskutert. Boka er aktuell for bachelor og masterstudentar i helse-og sosialfag. Med litteraturliste etter kvart kapittel og stikkordregister.