Newmans usynlege verd (Heftet)

essay

Forfatter:

Ottar Mikael Myrseth (Oversetter)

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2022
Antall sider: 159
Forlag: Efrem forlag
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Newman's invisible world
Oversatt av: Myrseth, Ottar Mikael
ISBN/EAN: 9788292922620
Kategori: Religion
Omtale Newmans usynlege verd
I «Newmans usynlege verd» legg Arnfinn Haram fram, med attenhundretals-teologen John Henry Newman som kjelde, eit autentisk kristent verdsbilete i dialog og konfrontasjon med dominerande tankegangar i samtida, no som då.

Og kva er det vesentlege når vi snakkar om «den usynlege verda»? Er uttrykket «den usynlege verda» i Newmans teologi meint å skildre noko som (berre) kjem i tillegg til den synlege røyndomen? Eller blandar «den usynlege verda» seg med eller inn i den synlege?

Er den usynlege berre usynleg? Er den synlege berre synleg?

Sjølv om samtida endrar seg raskt - då Newman levde, ein gryande industriell revolusjon, stadig akselererande - endrar ikkje det på tilhøvet mellom den usynlege og synlege verda. Haram kallar vår tid «ein modernitet i krise», noko som gjer det naudsynt å vinna ny von til heile røyndomen.



Paul Otto brunstad og Ståle Johannes Kristiansen har gitt boka ei fyldig innleiing: «Haram lyfter fram ei forkyn- ning som er nesten gløymd i vår tid: at også englane er meir verkelege ved at dei er usynlege - dei ser oss, betraktar oss
og vernar oss. Haram har faktisk dedisert avhandlinga til sin eigen verneengel! Både for Newman og Haram er engleteo- logien meir enn teoriar. Her kjem vi tett på eit anna samband som stikk djupt i Harams personlege lesing av Newman: relasjonen mellom englar, det usynlege og venskap.»

Til toppen

Flere bøker av Arnfinn Haram: