Norsk litterær årbok 2020 (Heftet)

Forfatter:

og

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 368
Forlag: Samlaget
Språk: Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234003301
Kategori: Språk
Omtale Norsk litterær årbok 2020
Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi.

I 2020-utgåva løftar Madelen Brovold fram forfattaren Elsa Dickmans gløymde roman Korsveien (1946), og viser korleis norsk-jødiske kvinner sine erfaringar er vortne ekskluderte frå minnekulturen kring Holocaust. Petter Aaslestad kastar eit blikk på Arthur Omres Det onde øie (1940) som psykiatriroman. Geir Hjorthol undersøkjer prosaens stille musikk i Lars Amund Vaages poetikk, og Heming Gujord analyserer Kjartan Fløgstads Due og drone (2019) som ein roman om fortidsomarbeiding, og les han i lys av striden mellom Fløgstad og Den Norske Forfatterforening.

Det norske teikneserieåret 2019 blir sett under lupa av Øyvind Vågnes. Dette er første gong NLÅ tek opp teikneseriar. Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, den danske forfattaren Jonas Eikas novellesamling Efter solen og resten av forfattarskapen hans blir lese i lys av scifi- og fabulasjon.

Årboka inneheld også artiklar om Jonas Ramus (1649-1718) som nasjonalmytemakar, Olav H. Hauges boksamling, om korleis fjella endrar seg i norsk lyrikk, og om pengar, føremålsrasjonalitet og kvantitativ logikk i Henrik Ibsens Samfundets støtter. Dessutan set to artiklar fokus på nyare norsk dramatikk, og ein drøftar litteraturundervisningas potensial i ein kompetanseorientert utdanningsdiskurs.


Benedikt Jager (f. 1966) er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Han har særleg interessert seg for og forska på kulturelle samband mellom Noreg og Aust-Tyskland.

Nora Simonhjell (f. 1970) er førsteamanuensis ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Ho arbeider mest med spørsmål kring litteratur, kropp, kjønn og sjukdom.

Til toppen

Andre utgaver

Norsk litterær årbok 2020
Bokmål/Nynorsk Ebok 2020