Noveller i samling (Heftet)

Serie: Gyldendal klassiker 

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 605
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
Serie: Gyldendal klassiker
ISBN/EAN: 9788205367104
Kategori: Romaner
Omtale Noveller i samling
Tarjei Vesaas gav ut i alt fire novellesamlingar: Klokka i haugen (1929), Leiret og hjulet (1936), Vindane (1952) og Ein vakker dag (1959). Vesaas publiserte altså noveller gjennom 30 år, på ulike stadium av forfattarskapen, og dette spennet blir også spegla i denne boka. Frå den første samlinga, Klokka i haugen, tok Vesaas berre med to av sju noveller då han sjølv redigerte Noveller i samling (1964), mellom dei den sterke «Signe Ton». I ei seinare utgåve kom det med fleire. I denne utgåva er alle novellene i alle samlingane tekne med..
Novellekunstnaren Vesaas hadde funne si form då han sju år seinare gav ut Leiret og hjulet. Denne samlinga inneheld kjende noveller som «Aldri fortelje det» og «21 år». Sistnemnde korthistorie vart filma av René Bjerke i 1990, og i 1990 filma same regissør novella «Det rare» frå Vindane.
Samlinga Vindane står i dag som eit av høgdepunkta i Vesaas' forfattarskap, uansett sjanger. Det var med denne boka han vann Venezia-prisen i 1953 - og fekk dermed det store internasjonale gjennombrotet.
Vesaas skreiv mange av sine beste bøker i 1960-åra. Den siste novellesamlinga hans, Ein vakker dag, kom i denne perioden. Den inneheld meisternoveller som «Hesten frå Hogget», «G for Gudny» og «Det snør og snør».

Til toppen

Andre utgaver

Noveller i samling
Nynorsk Ebok 2011

Flere bøker av Tarjei Vesaas:

Bøker i serien