På kryss og ters (Heftet)

musikk fordjuping 1

Forfatter:

, og

Legg i ønskeliste

Forfatter: , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2010
Antall sider: 360
Illustratør: Olausen, Ingvild Olsen
Forlag: Vigmostad & Bjørke AS
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788245008999
Omtale: På kryss og ters
På kryss og ters er ei lærebok i Musikk fordjuping 1. Ho inneheld alle komponentane i faget med vekt på komponering, gehørtrening, lytting og formidling. Boka gir oversikter over akkordar, harmonisering, melodikomponering, analysemetodar, instrumentasjon og annan teori. Forfattarane legg vekt på samanhengen mellom lytting/høyrelære og teori, samstundes som dei utdjupar kvar disiplin med ulike typar sats og komponering. Formidlingsdelen inneheld mange prosjektoppgåver som dekkjer alle mål i faget. Oppgåvene kan brukast heilt eller delvis, gjerne på fagdagar eller som fordjupingsemne. Boka er eigna for sjølvstudium, men gir også mange forslag til undervisningsopplegg. Ho fokuserer på praktisk tilrettelegging av stoff til undervisninga, men overlèt det meste av undervisningsmetodikken til læraren. Læringsstoffet blir knytt til musikkdøme innanfor alle sjangrar. Alt stoff blir følgt opp med døme og små og store arbeidsoppgåver. Randi Dugstad har utdanning frå Trondheim og Ungarn, med fordjuping i gehørtrening, dirigering og klassisk gitar. Ho har lang undervisningspraksis i vidaregåande skole, konservatorium og universitet og har erfaring som kordirigent for fleire kor. Geir Brede Hagerup har utdanning frå Trondheim, Bergen og Praha og har lang undervisningspraksis i vidaregåande skole, ved konservatorium og universitet. Han har også erfaring som utøvande pianist og arrangør og i kordireksjon, musikkadministrasjon og musikkmeldingar. Martin Smidt har utdanning frå Trondheim med fordjuping i rytmeforsking og arrangering/komponering. Han underviser i vidaregåande skole og har undervist i musikk fagdidaktikk ved NTNU. Han arbeider også som komponist med hovudvekt på teatermusikk og som slagverkar i spennet frå jazz og pop/rock (Dadafon) til tidlegmusikk (Billuca Ensemble).

Til toppen

Andre utgaver

På kryss og ters
Bokmål Heftet 2010

Flere bøker av Randi Dugstad, Geir Brede Hagerup og Martin Smidt: