På saklista (Heftet)

språk og saksbehandling på papir og nett

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 151
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788211023094
Kategori: Statsvitenskap
Omtale På saklista
I dette heftet tek me deg med til den oppdikta kommunen Lyte. Du får innsyn i det daglege strevet til dei tilsette og folkevalde. Gjennom døme frå den kommunale kvardagen får du rettleiing i dei mest vanlege problema i nynorsk offentleg målbruk. Kursforfattaren tek for seg dei typiske feila i offentlege nynorskskriv. I tillegg kan du læra om
- kvifor nynorsk er eit godt språkverktøy i kommunane - å skriva brev formelt rett og forståeleg - nynorsk ordval og ordlegging - ulike teksttypar i det offentlege, som notat, referat, anbod, stillingslysingar osv. - å skriva for nettet - den gode saksutgreiinga og den dugande saksbehandlaren Du finn òg ei oppgåvesamling og ei liste med løysingsframlegg for ord og uttrykk som ein ofte strevar med. Kursheftet er oppdatert med dei siste endringane i nynorsknormalen. Det kan brukast som eit eige hjelpemiddel på alle kommunale og fylkeskommunale kontor. Det blir òg brukt på skreddarsydde kurs som Landssamanslutninga av nynorskkommunar formidlar. Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein organisasjon for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har til formål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. LNK har meir enn 100 medlemmer.

Til toppen

Flere bøker av Jan Olav Fretland: